Skip to content

Mellom bakkar og berg

Mellom bakkar og berg utmed havet, heve nordmannen fenge sin heim
Der han sjølv heve tuftene grave, og sett sjølv sine hus oppå deim

Han såg ut på dei steinute strender, der var ingen som der hadde bygd
«Lat oss rydja og byggja oss grender, og så eiga me rudningen trygt»
 

Han såg ut på det bårute havet, der var ruskut å leggja utpå
Men der leikade fisk nedi kavet, og den leiken den ville han sjå
 

Fram på vinteren stundom han tenkte, gjev eg var i eit varmare land
Men når vårsol i bakkane blenkte, fekk han hug til sin heimlege strand
 

Og når liane grønskar som hager, når det lavar av blomar på strå
Og når netter er ljose som dagar, kan han ingen stad venare sjå

Tekst: Ivar Aasen